Sesongkort 2021

Sesongkortinformasjon

SESONGKORT 2021

Vi går ein spanande sesong i møte der vi skal vere med å kjempe om opprykk til OBOS-ligaen!

Sesongkortet gir deg fast plass til alle heimekampane til Hødd i PostNord-ligaen, samt ein rekke andre sesongkortfordelar. Du er med andre ord garantert ein heil sesong med store opplevingar på Høddvoll - rett frå ditt stolsete - til beste pris!

KJØP SESONGKORT 2021 OG TA DEL I SPENNINGA PÅ STADION 

Alle som har hatt sesongkort i 2020 vil motta ein e-post/ sms frå TicketCo fredag 15. januar kl. 12.00 der ein kan fornye sesongkortet sitt. Ved å klikke på vedlagt lenkje i e-posten kan ein enkelt fornye sitt sesongkort. 

RABATTERTE SESONGKORT

Frå 15. januar til 3. februar kan du sikre deg sesongkort til ein gunstig pris! Etter denne fristen vil det bli vanlege sesongkortprisar. Pris på sesongkort kan du sjå her!

FORDELAR MED SESONGKORT

  • Din eigen faste plass på Høddvoll til beste pris
  • Alle 13 heimekampane på Høddvoll i PostNord-ligaen til prisen av 9
  • Du unngår billettkø
  • Forkjøpsrett på setet ditt til store kampar i NM-cupen
  • Forkjøpsrett på setet ditt til 2022-sesongen
  • Hødd-avisa (digitalt) vert sendt til deg på e-post i forkant av kvar heimekamp i PostNord-ligaen.  

Fotball er best på stadion, så kjøp sesongkort til sesongen 2021 du også!

Sesongkortet er no heildigitalt og vert lagra på din mobil Wallet (iPhone) eller Passbook (Android) slik du alltid har det tilgjengeleg. Vi anbefaler også at du laster ned TicketCo appen, då du enkelt får tilgang til sesongkortet og kjøp av billettar. Ønsker du framleis plastkort kan dette også bestillast. Pris for plastkort er kr. 100,- pr. stk eller kr. 50,- pr. stk om du bestiller meir enn 1 sesongkort. 

DIVERSE INFORMASJON

Voksen frå fylte 16 år

Barn 6 år tom 15 år

Honnør - bevis må kunne framvisast ved kontroll

Student - studentbevis må kunne framvisast ved kontroll

Ledsager - ledsagerbevis må kunne framvisast ved kontroll

Barn under 6 år GRATIS på fanget til betalande voksen (ein må betale frå det året ein fyller 6 år)

TRENGER DU HJELP?

TicketCos supportavdeling hjelper deg med bestilling av sesongkort og tekniske problem ved bestilling og kjøp. E-post: support@ticketco.no.

Ta kontakt med Hødd Fotball om du har andre spørsmål knytt til sesongkort for 2021. Send ditt spørsmål til gardshol@hodd.no eller ring oss på telefon 99 54 21 59 (kvardagar 09.00 - 16.00).


Sesongkortet inkluderer

SØN 18 APR
Kamp 1
18.04.2021 17:00 @ Høddvoll