page view image

NM Kvinner: Hødd - AaFK

Informasjon
event image


I samarbeid med generalsponsor og kampsponsor Sparebanken Møre ønsker vi alle hjarteleg velkomne til cupfest på Høddvoll og kampen mellom Hødd Kvinner og AaFK!

Fanzone opnar kl. 17:00 der hoppeslott, ansiktsmaling, og konkurranser på Hødd-standen med flotte premiar ventar. I tillegg kjem Tare innom Fanzone.

Til denne kampen er berre hovudtribuna open. Kjetil Hasund-tribuna er stengd.

Kampbillettar
Sparebanken Møre spanderer gratis inngang til kampen for alle under 18 år. Vel billettypen «SBM Barn U18 år». For publikum frå 18 år gjeld ordinære billettprisar.

Jente-VIP frå kl. 16:45
Generalsponsor Sparebanken Møre spanderer Jente-VIP på alle aktive jenter i Hødd i alderen 6–12 år, med servering av pizza og sosial opplading før kampen.

Prisar for Jente-VIP:

  • Aktive jenter i Hødd, 6–12 år: Gratis, spandert av generalsponsor Sparebanken Møre.

  • Andre barn og unge under 18 år: 50 kr for VIP. Kampbilletten er gratis.

  • Vaksne frå 19 år: 200 kr totalt, inkludert VIP og kampbillett.

Billettar til både VIP og kamp blir ordna her i billettsystemet. Alle som skal på VIP, må også ha kampbillett, inkludert dei som har gratis inngang.

Frist for bestilling av VIP: måndag 19. oktober kl. 15:00.

Tusen takk for at du støttar Hødd Kvinner – vi gler oss til å sjå deg på Høddvoll!

Treng du hjelp?
Ved tekniske problem med bestilling eller kjøp, kontakt TicketCo på support@ticketco.no.

Andre spørsmål kan rettast til Hødd Fotball på gardshol@hodd.no eller telefon 995 42 159 (kvardagar kl. 09:00–16:00).

hødd høddvoll cup aafk

Restriksjoner

- Du må ha gyldig akkreditering eller billett, og du må vise fram billetten dersom du vert beden om det. Billetten viser kva plass du har krav på, og gir deg ikkje høve til å bruke andre plassar, eller opphalde deg på andre tribunar/ seksjonar.
- Å stå på ein tribune som er meint som sitjetribune er strengt forbode under kamp.
- Ingen må opphalde seg i trapper, inngangsområde, rømingsvegar etc. Ingen form for forsering/ klatring av gjerder, sperringar etc. er lov.
- Vidaresal av billettar på stadionområdet er strengt forbode.

For meir informasjon, sjå stadionreglementet her: https://rb.gy/k8uulk

Ansvarsfraskrivelse

- Arrangøren har ikkje ansvar overfor publikum i samband med ulykker, skadar, eller tap som måtte oppstå under avviklinga av arrangementet.
- Arrangøren er ikkje ansvarleg for eventuelle forseinkingar, endring av tidspunkt eller endring av kamparena for arrangementet og er utan ansvar dersom dette får konsekvensar for tredjeperson.
- Utgifter til billetten vert ikkje refundert dersom arrangementet vert avbrote.

For meir informasjon, sjå stadionreglementet her: https://rb.gy/k8uulk