Kvalifisering OBOS-ligaen Hødd - Arendal

Arrangementsinformasjon


HØDD - ARENDAL

Det er solgt ca. 500 billettar så langt til kvalifiseringskampen mot Arendal laurdag, men vårt klare mål er at 2000 tilskodarar skal innom portane laurdag! Vi håper derfor å sjå deg på Høddvoll på kampdag!

Vi oppmoda derfor folk til å dele og like saker vi legger ut i sosiale media slik at flest mogleg får med seg den viktige informasjonen. I tillegg håper vi du tek med familie, venner og kjente på kamp. Til fleire vi er, til meir støtte og energi får laget ute på bana! 

BILLETTINFORMASJON

Vi minner om at ALLE må kjøpe billett til kampen. Sesongkortet gjeld ikkje i kvalifiseringskampane. Berre dei med akkreditering og NFF kort har gratis inngang på kampen.

Vi oppmoda alle om å kjøpe billett via vårt billettsystem på nett eller mobil via TicketCo appen. Då unngår du billettkø på kampdag og du kan scanne billetten din og gå rett inn.

NB! Vi har ikkje kapasitet til store billettkøar på kampdag, og vårt klare råd er derfor at dei aller fleste sikra seg billett på førehand!

Det blir også mogleg å sikre seg kampbillett her dei neste dagane:

Tysdag 17.00 - 19.00 (Høddvollhuset)

Onsdag 12.30 - 15.30 (Blåhuset)

Torsdag 12.30 - 15.30 (Amfi Ulsteinvik) / 17.00 - 19.00 (Høddvollhuset)

Fredag 09.00 - 15.30 (Høddvollhuset)

Følg med på vår Facebook-side fortløpande ved evt. endring i tidspunkta over!

Det blir ikkje mogleg å kjøpe kampbillett på Høddvollhuset utanom desse tidene. Dette gjeld også på kampdag, då administrasjonen er opptatt med andre arbeidsoppgåver knyta til arrangementet. Ønsker du å kjøpe billett på kampdag, så gjer du dette på vårt billettkontor, men då er vår anbefaling at du møter opp i god tid i forkant for å unngå kø ved billettkontoret. 

Vi er spenna klar for kvalifiseringskamp til OBOS-ligaen og håper også du tek turen denne dagen å støttar dei blåkvite til avansement til siste og avgjerande kvalifiseringsrunde!

Vi ønsker deg hjerteleg velkomen til Høddvoll! 

HEIA HØDD!

postnord
hodd

Restriksjoner

I samsvar med gjeldande reglar skal alle som ikkje føler seg heilt friske eller har symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, feber, haudeverk, sjukdomfølelse, magesmerter og muskelsmerter holde seg heime og ikkje møte opp på stadion på kampdag.

Ansvarsfraskrivelse

Billettar vert berre refundert ved avlyst arrangement. Billettar vil gjelde ved flytting av kampdato.