Hødd - Eidsvold TF

Arrangementsinformasjon


HØDD - EIDSVOLD TF

Laurdag 9. oktober kjem Eidsvold TF på besøk og vi har den glede av å ønske deg velkomen til ny heimekamp på Høddvoll! 

Kampstart kl. 16.00.

Endeleg kan vi opne Høddvoll igjen utan restriksjonar!

Det betyr at alle som har sesongkort har krav på plassen sin når dei kjem på stadion. Alle andre kjøper kampbillett som vanleg.

Billett får du kjøpt her på nett, via TicketCo appen eller du kan kjøpe kampbillett på billettkontoret frå kl. 14.30. 

Tilreisande bortesupporterar vil kunne kjøpe billett på FELT J. 

Vi sjåast på kamp!

postnord
hodd

Restriksjoner

I samsvar med gjeldande reglar skal alle som ikkje føler seg heilt friske eller har symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, feber, haudeverk, sjukdomfølelse, magesmerter og muskelsmerter holde seg heime og ikkje møte opp på stadion på kampdag.

Ansvarsfraskrivelse

Billettar vert berre refundert ved avlyst arrangement. Billettar vil gjelde ved flytting av kampdato.